Lex

Browse

GenresShelvesPremiumBlog

Company

AboutJobsPartnersSell on LexAffiliates

Resources

DocsInvite FriendsFAQ

Legal

Terms of ServicePrivacy Policygeneral@lex-books.com(215) 703-8277

© 2026 LexBooks, Inc. All rights reserved.

Due og droneDue og drone

Due og drone

Kjartan Fløgstad

About this book

Vest møter Aust, i Norge og i den vide verda. Aust i Finnmark oktober 1944: Kcenia Nyslåttbuktmo vaskar hjartet til den vesle Pøyken sin med snø, skurar ned heile huset, mjølkar kua. Finnmark brenn.Frå London kjem fabrikkarbeidar og fenrik Olav Sima (±Han kan rima!?) med oppdrag å avhøyra ein tysk offiser med mykje å lyga om. Etter freden, midt i Oslo, leverer advokatane skarpskodde skriv om kor lite hopehav det var mellom norske kapitalistar og tyskarane. Pengar luktar ikkje, bortsett frå ein mild eim av cyanid. På Bjølsen aust i Oslo: Den tvangsevakuerte Kcenia står på mjølkebutikken, konstabel Sima patruljerer gatene, studerer juss og held orden i mjølkekøen. Å få orden på Pøyken er ikkje like lett. Endå mykje lenger aust øver vesle Oksana Starkopf trufast på piano, og arvar eit skrin med eit manuskript i. Etterkrigstida strammar grepet. Olav Sima blir jurist, Pøyken blir verre og verre. Begge tar ofte turen vest, over fjellet, og vidare over Atlanteren, der Sambandsstatane tar imot dei med opne armar. På underjordisk vis er verda kabla saman. Vest møter Aust, i Norge og i den vide verda. 'Due og drone' er forteljinga om dette. Anmelderne mener: ±Fløgstad tar pusten fra deg. Inger Bentzrud, Dagbladet ±Ei litterær storhending. Steinar Sivertsen, Stavanger Aftenblad.

Details

OL Work ID
OL44534005W

Find this book

Open Library
Book data from Open Library. Cover images courtesy of Open Library.